top of page

Klubbhandboka

Bruk av fritidskortet

I 2024 får alle som fyller 11 til 15 år i 2024 dekka inntil 2000,- kroner i året til medlemskontingentar/deltakaravgifter til faste, organiserte aktivitetar.


Om du treng hjelp til å opprette fritidskortet eller ein brukar finn du informasjon om dette på Bømlo Kommune sine nettsider.


Grunna betalingsløysinga som FSK nyttar kan ein ikkje legge inn ein faktura for betaling via Fritidskortet. Ein må nytte funksjonen for refusjon.


Har du allereie oppretta ein brukar går du til Aktiv Fritid - Bømlo for å logge inn.


Føl rettleiinga du får. Når du kjem til seksjonen for betaling hukar du av for "Jeg har betalt faktura og vil søke refusjon"


Som vedlegg må du legge ved to sider frå Hoopit. Gå inn på profilen din anten i appen eller via web-appen. bla deg ned til "Betalingshistorikk" og vel betalinga du skal søkje om refusjon på.


Den første skjermdumpen/utskrifta må vise kven du har betalt for og summen du har betalt.



Trykk deretter på kvitteringslenke nederst på skjermbildet. Kvitteringen legg du ved som skjermdump/utstkrift saman med skjermdump/utskrift av betalingsdetaljane.



bottom of page