top of page

Klubbhandboka

Overordna målsetjing


Finnås Sportsklubb har som målsetjing å aktivisera flest mogleg born og ungdom i krinsen gjennom dei sportslege aktivitetane som laget tilbyr.


Den overordna målsetjinga er å skapa eit sunt og godt miljø for born og ungdom under mottoet «Det er lov å bry seg.»


Finnås Sportsklubb har og som mål å kunna tilby organisert idrett og/eller trim for dei som ikkje kjem inn under målgruppa «born og ungdom.» Me skal søkja å ha minst eit senior fotballag i eit divisjonsystem.


Sjølv om fotball er den største idrettsgreina i Finnås Sportsklubb skal klubben leggja til rette for andre aktivitetar som til dømes aerobic og zumba.


Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom, jmf. vedtektene §1.2.

Relaterte innlegg

Se alle

Føremål med klubbhandboka

Føremålet med klubbhandboka er Å organisera klubben på ein slik måte at ein nyttiggjer dei menneskelege og økonomiske resursane på ein...

Idrettslege målsetjingar

Dei sportslege aktivitetane som klubben tilbyr må tilpassast behovet i krinsen. Masseengasjement skal prioriterast. Born og ungdom som...

Organisatoriske målsetjingar

Ansvars- og oppgåvefordelinga mellom klubben sine styrande organ og dei forskjellige gruppene må vera klare og ikkje levna noko tvil. Det...

bottom of page