top of page

Klubbhandboka

Reingjering popcornmaskin

Oppdatert: 7. okt.

Popcornmaskinen skal reingjerast grundig etter bruk. Anvisninga må fylgjast nøye for å unngå skader på maskinen.


  1. Tøm maskinen for popcornrester.

  2. Fyll ca 3 dl vann i kjelen. Det er viktig å ikkje søle vatn eller reingjeringsmiddel i maskinen.

  3. Fyll på 1 måleskjei "Heat 'n Klean" reingjeringsmiddel i kjelen.

  4. Skru på "Kettle Heat" og "Kettle Motor"

  5. Lukk lokket på kjelen.

  6. La stå til vatnet kokar i kjelen.

  7. Skru av varme og kjelerotor, kjøl ned.

  8. Trekk ut straumkabelen til popcornmaskina.

  9. Hald ei skål eller bolle under kjelen og tøm ut innhaldet.

  10. Koble fra straumkabelen til kjelen.

  11. Vipp kjelen mot venstre og løft den ut av haldaren.

  12. Skyll kjelen i vatn. Kjelen er elektrisk og må på ingen måte dyppast i vatn.

  13. Tørk kjelen rein med papir.

  14. Bruk ein fuktig klut med f.eks litt zalo på og tørk ut av maskinen, både topp, sider, bunn og kjelehaldar. Ettertørk med reint papir.

  15. Tøm og vask smuleskuffa. Sett den tilbake.

  16. Sett tilbake kjelen i kjelehaldaren. Hald den vinkla mot venstre når den blir plassert i haldarane.

  17. Plugg i straumkabelen til kjelen.


Fyll 3 dl. vatn i kjelen og tilsett 1 måleskei reingjeringsmiddel

Bruk kun "Heat 'n Klean" for reingjering av kjele

Betjeningspanel for kjelevarme og kjelerotor samt varme i popcornskapet

Vri forsiktig mot venstre og trekk ned for å koble fra straumkabelen til kjelen

Vipp kjelen mot venstre for å løfte den ut av kjelehaldaren

Relaterte innlegg

Se alle

Bruk av popcornmaskin

Popcornmaskinen skal kun brukast av personar som har lest og forstått brukerveiledninga. Husk at kjelen blir varm og kan medføre skade...

Comentarios


bottom of page