Som trenar og/eller lagleiar skal du bidra til:
Mestring, sjølvstende og tilhøyrsle for utøvaren
Positive erfaringar med trening og konkurranse
Å fremja eit godt sosialt miljø, lagånd og vennskap
At utøvaren skal kunna driva idrett i andre avdelingar samt andre aktivitetar
Samarbeid og god kommunikasjon med andre trenarar, leiarar og foreldre
Som trenar og/eller lagleiar pliktar du å:
Vera eit godt forbilde
Møta presist og godt forberedt til kvar trening
Væra ein veiledar, inspirator og motivator
Bry deg litt ekstra og involvera deg i utøvarane dine
Bli kjent med utøvarane sine individuelle mål og opplevingar av treninga
Prøva å utvikla sjølvstendig vurderingsevne hjå utøvaren
Visa god sportsand og respekt for andre
Væra bevisst på at du gir alle utøvarane merksemd
Utfordra ein kvar utøvar eller gruppe til å utvikla sine ferdigheiter
Innhaldet i treninga skal væra prega av:
Ein målretta plan
Progresjon i opplevingar og ferdigheiter
Stadig nye utfordringar slik at utøvaren flyttar grenser
Effektiv organisering
God kommunikasjon
Sakleg og presis informasjon
Kreative løysingar
Fleksibilitet ved problemløysing
Comments