top of page

Klubbhandboka

Retningsliner for lagleiar

Oppdatert: 26. mars

Som lagleiar skal du bidra til:


  • Å fremja eit godt sosialt miljø, lagånd og vennskap

  • At utøvaren skal kunna driva idrett i andre avdelingar samt andre aktivitetar

  • Samarbeid og god kommunikasjon med utøvarane, andre trenarar, leiarar og foreldre

Alle lag i fotballgruppa skal ha ein lagleiar. Lagleiar skal ikkje vere same person som trenar. I andre grupper enn fotballgruppa skal det gjerast ei vurdering frå lag til lag om det er behov for lagleiar. Denne rutina er difor særskil retta mot lagleiarar i fotballgruppa.


Årlege oppgåver:


  • Sette opp, eller bidra til oppsett av, terminlister

  • Sette opp kjørelister

  • Sette opp kampvertlister

  • Sette opp fordeling av andre oppgåver der naudsynt

  • Saman med klubben sin utstyrskoordinator, sjå til at laget har naudsynt utstyr for trening og kamp

    • Fotballar

    • Førstehjelpsutstyr

    • Draktar

  • Levere årsmelding på vegne av laget innan 15. desember.

  • Gjennomføre spelar- og foreldremøte

  • Delta på trenar- og lagleiarmøter i klubben

  • Utarbeide årsplan for kommande sesong, inkludert deltakting på cup, innan 15. september.


Løpande oppgåver:

Unngå bruk av private kommunikasjonsgrupper slik som messenger. Kommunikasjon mellom utøvarar, føresette og støtteapparat skal skje i klubben sitt aktivitets- og kommunikasjonssystem.

  • Oppdatere aktivitetar i aktivitetssystemet

    • Treningstider og lokasjon

    • Kampar

      • Oppmøte tid/stad

      • Kjøring

      • Kampvert

      • Verifisere at dommar er oppsatt på heimekamp

      • Annonsering av heimekamp

    • Foreldremøter

  • Godkjenne økonomiske krav frå laget, slik som dommerrekning eller reiseutgifter

  • Sjå til at oppdateringar i FIKS vert gjennomført, herunder kontroll av at alle i troppen er speleberettiga.

  • Sjå til at kamprapportering (ungdom- og vaksenfotball) vert gjennomført i samsvar med rutiner frå NFF.

  • Gjennomføre omberamming av kampar


Naudsynt kompetanse:


  • Godkjent politiattest

  • Gjennomført Fotballens Fair play-kurs



Relaterte innlegg

Se alle
Kva gjer eg ved ei fotballskade?

Ved skade eller lidelse Utfør akutt skadebehandling Ring Idrettens skadetelefon (IST) på 987 02 033 for bistand Skadelidte registrerer skademelding på www.idrettshelse.no Forsikringsselskapet vurderer

 
 
Drift av kiosk

For å drifte kiosk i FSK sin regi skal det alltid være ein person over 18 år som har ansvar for at dei som står i kiosken har...

 
 
 
Idretts­forsikring barn

Alle barn som er medlem av lag knytt til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) eller som deltek i organisert...

 
 
 

Kommentarer


bottom of page