Finnås Sportsklubb sine retningslinjer for å førebygge seksuell trakassering og overgrep gjeld for alle medlemmer, føresette, støtteapparat og ansatte i klubben.
Behandle alle med respekt. Avstå frå alle former for kommunikasjon, handling eller behandling som kan opplevast som krenkjande.
Unngå berøringar som kan opplevast som uønska.
Unngå alle former for verbal intimitet som kan opplevast som seksuelt lada.
Unngå uttrykk, vitsar og meiningar som omhandlar utøvarars kjønn eller seksuelle orientering på ein negativ måte.
Søk å ha begge kjønn representerte i støtteapparatet.
Unngå kontakt med utøvarar i private rom utan at det er fleire til stades eller det er avtalt med føresette eller klubbleiinga.
Vær særskilt bevisst der utøvar og støtteapparat er motsatt kjønn. Ha tydelege avtalar på t.d når støtteapparat kan være i garderobe saman med utøvar av motsatt kjønn.
Vis respekt for utøvaren, trenaren og leiaren sitt privatliv.
Unngå doble relasjonar. Dersom eit gjensidig forhold blir etablert bør situasjonen takast opp og blir avklart ope i miljøet.
Ikkje tilby noko form for motyting for å forlanga eller forvente seksuelle tenester i retur.
Alle har ansvar for å gripe inn og varsla dersom ein opplever brot på desse retningslinjene. Støtteapparatet (trenarar, leiarar, tillitsvalde, funksjonærar, dommarar, foreldre mfl.) har hovudansvar for at retningslinjene blir gjorde kjent og blir overhaldne i klubben.
Ved overnatting:
Det skal alltid vere minst to ansvarlege personar over 18. år pr. lag som overnattar.
Minst ein av dei ansvarlege personane skal vere same kjønn som utøverane.
Vaksne personar skal aldri overnatte med enkeltutøverar på eige rom (grupperom, hotellrom etc.), uansett kjønn, unntatt når det er den foresatte som overnattar med eige barn.
Samtlege personar over 18 år som overnattar saman med utøverar under 18 år skal framvise politiattest i god tid før overnatting finn stad. Dette gjeld og for foresatte som overnattar med eigne barn dersom det samstundes er andre utøverar under 18 år tilstade.
Comments