Politiattest
- FSK Systemadmin
- 29. jan. 2024
- 2 min lesing
Oppdatert: 19. feb.
Styrets nestleiar er politiattestansvarleg i Finnås Sportsklubb.
Alle som har oppgåver i Finnås Sportsklubb som inneber eit tillits- eller ansvarforhold til mindreårige eller mennesker med utviklingshemming, skal visa politiattest.
Personar under 15 år vil ikkje få utstedt attest då dei er under den kriminelle lågalder. Kravet til politiattest gjeld derfor ikkje for personar under 15 år.
Trenarar, instruktørar, lagleiarar og andre med direkte kontakt med mindreårige eller personar med utviklingshemming er omfatta av ordninga og skal visa attest før dei tiltrer rolla.
For andre må det gjerast ei konkret vurdering av oppgåvene som skal utførast. Er dette oppgåver som kan gje personen som utfører dei moglegheit til å etablere eit tillits- eller ansvarsforhold til ein mindreårig eller ein person med utviklingshemming skal personen visa politiattest.
Eksempel på oppgåver som krev politiattest:
Ein føresett eller andre som er med som vaksenleiar for ett lag på ei turnering, særskilt dersom det er overnatting.
Ein dommar som har ansvar for å fylgje opp og veilede yngre dommerar.
Ein person har ansvar for utstyr eller idrettsanlegg og gjennom dette kjem i regelmessig kontakt med utøverar under 18 år eller med utviklingshemming.
Ofte stillte spørsmål og svar
Eg er usikker om eg treng politiattest.
Alle trenarar, instruktørar og lagleiarar i klubben skal vise politiattest. Dette gjeld og andre som kan etablere eit tillits- eller ansvarsforhold til ein mindreårig eller ein person med utviklingshemming. Er du usikker på di rolle kan du kontakte politiattestansvarleg i klubben.
Kan eg bruke ein politiattest eg har frå før?
Nei. Du kan ikkje nytte ein politiattest utstedt i samband med roller i andre idrettslag eller arbeidsgjevar.
Eg har vist politiattest tidlegare, men får beskjed om å vise på nytt.
Dersom me tidlegare har fått framvist attest men ikkje lagra eller mista informasjon om dette må du vise den på ny. Dette er naudsynt for å hindre at personar skal kunne sei "eg har levert før" til ein ny politiattestansvarleg, og på denne måten unngå å vise attest.
Eg har fått politiattest tidlegare men finn den ikkje igjen.
Då må du søke om ny attest. Dersom du får svar frå politiet at du ikkje får ny politiattest fordi du tidlegare har fått attest til bruk i same idrettslag, ber du om å få tilsendt ein kopi av den tidlegare attesten. Denne kopien viser du så til politiattestansvarleg i klubben.
Korleis søkje om politiattest
Medlemsansvarleg i klubben tildeler deg ei rolle i "Min Idrett" som krev politiattest. Du vil då motta ein e-post frå NIF om den tildelte rolla og eventuelle krav som må oppfyllast før godkjenning.
Politiattestansvarleg sender deg formålsskjema som du vil motta via Digipost og Min Idrett.
Send søknad via politiet sine nettsider.
Du kan velge å få politiattesten utstedt i Digipost, og her kan du også dele den digitalt med klubben.
Utfyllande info er tilgjengeleg på NIF sine nettsider
Comments