top of page

Klubbhandboka

Årsmøtet

Årsmøtet er laget si øvste myndigheit.


Årsmøte vert halde ein gong i året innan utgongen av den månaden som er fastsatt i vedtektene.

 

Protokollen frå årsmøtet skal sendast til idrettsrådet i kommunen og dei særkretsar klubben er tilslutta. Protokollen kan leggjast ut på klubben si internettside.

 

Innkalling til årsmøte skal skje seinast 1 månad før årsmøte vert halde.

 

Innkalling vert annonsert på klubben si nettside. Styret avgjer om det er naudsynt å annonsere innkalling i andre media i tillegg.

 

Innkomne forslag skal vera styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet. Sakspapira skal gjerast tilgjengeleg på laget si nettside seinast 1 veke før årsmøtet.

 

Årsmøtet er for medlemmar i laget, det vil seia dei som har betalt medlemskontingenten.

 

Foreldre/føresette har ikkje fullmakt til å stemma for medlemmer under 15 år.

 

Årsmøtet legg grunnlaget for styret sitt arbeid og alle som ynskjer å vera med å bestemma korleis laget skal drivast bør stilla på årsmøtet.

 

Årsmøtet skal gjennomførast slik det er fastsatt i vedtektene § 14 - § 19

Relaterte innlegg

Se alle
Kva gjer eg ved ei fotballskade?

Ved skade eller lidelse Utfør akutt skadebehandling Ring Idrettens skadetelefon (IST) på 987 02 033 for bistand Skadelidte registrerer skademelding på www.idrettshelse.no Forsikringsselskapet vurderer

 
 
Drift av kiosk

For å drifte kiosk i FSK sin regi skal det alltid være ein person over 18 år som har ansvar for at dei som står i kiosken har...

 
 
 
Idretts­forsikring barn

Alle barn som er medlem av lag knytt til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) eller som deltek i organisert...

 
 
 

Kommentarer


bottom of page