top of page

Klubbhandboka

Retningsliner for kampvert

Oppdatert: 26. mars

Kampverten skal ha på gul kampvertvest og vere synleg for alle i og rundt kampen.


I Finnås Sportsklubb skal denne oppgåva fortrinnsvis gå på rundgong blant dei føresette til spelarane.

Før kampen:

  • møter opp i god tid og ynskjer begge lag, dommar(ane) og tilskodarane velkommen.

  • deltar på Fair Play møte (heimelagets trenar tar inititiativ til møtet) saman med dommer(ane) og begge lag sine trenarar.

  • ser til at tilskodarane står på motsatt side av innbyttarbenkene og godt utanfor sidelinja.

  • har kjennskap til kor klubben sin hjartestartar er, og ha telefon til å ringe 113.

Under kampen:

  • ved 1 kampvert skal denne som hovudregel opphalde seg i nærleiken av innbyttarbenkane.

  • som hovudregel oppsøke dommar(ane) ved avblåsing til pause og eventuelt følge til garderoben.

  • vere tilgjengeleg for dommar(ane) under kampen og i pausen.

  • oppfordrar til positivitet under kampen og handterer uønska hendingar etter klubben sine retningsliner.

Etter kampen:

  • takkar begge lag og dommar(ane) for kampen.

  • Melder i frå til Fair Play ansvarleg eller leiar av fotballgruppa dersom det oppstod uønska hendingar før, under eller etter kampen.

Relaterte innlegg

Se alle
Kva gjer eg ved ei fotballskade?

Ved skade eller lidelse Utfør akutt skadebehandling Ring Idrettens skadetelefon (IST) på 987 02 033 for bistand Skadelidte registrerer skademelding på www.idrettshelse.no Forsikringsselskapet vurderer

 
 
Drift av kiosk

For å drifte kiosk i FSK sin regi skal det alltid være ein person over 18 år som har ansvar for at dei som står i kiosken har...

 
 
 
Idretts­forsikring barn

Alle barn som er medlem av lag knytt til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) eller som deltek i organisert...

 
 
 

Kommentarer


bottom of page