top of page

Klubbhandboka

Valnemd

Valnemda har ei av klubben sine viktigaste oppgåver. Den har ansvar for personalmessig og funksjonell utvikling av klubben ved å rekruttera nye styremedlemmar/-medarbeidarar etter nøye vurdering av medlemsmassa.


Valnemda pliktar:

  • å utarbeida ein arbeidsplan for inneverande valperiode.

  • å vurdera styrets og komiteane si verksemd.

  • å sjå til at medlemmane sitt syn på styret sitt arbeide blir tatt opp til behandling.

  • å diskutera med styret om eventuelle endringar i styret si samansetning.

  • å halda seg informert om, og diskutera med, medlemmane om ulike kandidatar for styreoppdrag, og derigjennom få greie på om ønska personar har kunnskap tid og interessa for oppdraget.

  • å gjennomgå for styret og medlemmane kva forandringar / nomineringar som kjem til å bli føreslått.

  • ved behov å føreslå for styret at passande kandidatar får relevant utdanning for tiltenkte oppgåver.

  • før årsmøtet, på det tidspunktet som vedtektene seier, gje skriftleg forslag på nomineringar som skal framleggas medlemmane på årsmøtet.


Valnemda består av:

  • Leiar

  • 2 medlemmer

Relaterte innlegg

Se alle

Ny trenar/instruktør

Når ein person skal tiltre som trenar/instruktør i Finnås Sportsklubb gjeld fylgjande retningsliner: Gruppeleiar sender informasjon til...

Sosiale målsetjingar

Arrangement og tilstellingar utanom det reint idrettslege må ha som målsetjing å samla flest mogleg av krinsen sine innbyggjarar som har...

Comments

Couldn’t Load Comments
It looks like there was a technical problem. Try reconnecting or refreshing the page.
bottom of page