top of page

Klubbhandboka

Reiserekning

Oppdatert: 8. mar.

  • Refusjon av utlegg i samband med reiser skal meldast til økonomiansvarleg på fastsatt skjema

  • Gruppeleiar må godkjenne reiseutlegget


Den som ynskjer utlegg refundert:

  1. Last ned vedlagt reiserekning

  2. Fyll ut skjema, lagre som PDF

  3. Lagre kopi av kvitteringar som PDF eller bilete

  4. Send skjema og kvitteringar på e-post til gruppeleiaren din for godkjenning


 

OBS: Skjema og kvitteringar som lett kan redigerast, slik som excel, word eller liknande vert ikkje godkjent. Offentleg transport slik som buss, ferje og utlegg for bompenger krev ingen kvittering for refusjon av utgifter.

 

Gruppeleiar:

  1. Verifiser at reiseutlegget stemmer

  2. Send e-post til FSK bilagsmottak. Meldinga må innehalde skjema, kvitteringar og ein tekst som seier at reiseutlegget er godkjent for utbetaling


Økonomiansvarleg:

  1. Poster i rekneskapen

  2. Legg ved skjema, kvitteringar og godkjenningsepost frå gruppeleiar som bilag

  3. Tilbakebetal utlegget


Spesielle tilfeller:

  1. Leiar godkjenner reiseutlegg for styret

  2. Nestleiar godkjenner reiseutlegg for leiar






Relaterte innlegg

Se alle

Timeregistrering

Ansatte i Finnås Sportsklubb som utfører lønna arbeid, registrerer og rapporterer sine arbeidstimar via appen Connecteam. Appen lastast...

Ny trenar/instruktør

Når ein person skal tiltre som trenar/instruktør i Finnås Sportsklubb gjeld fylgjande retningsliner: Gruppeleiar sender informasjon til...

Comments


bottom of page